Gratis fiskekort for Otra i Setesdal
Gratis fiskekort for Otra i Setesdal - kun i Valle kommune. Otravassdraget er regulert i mest heile si lengde frå kjelda i fjellet mellom Haukelid og Hovden til Vennesla nord for Kristiansand. NB! Gratis fiske gjelder ikke i Otra utenfor Valle kommune.
Hjem | Om VAFA | Fiske i Otra | Fjellvatna

I Valle kommune er terskelbasseng det mest synlege etter kraftutbygginga. I terskelbassenga er tilgroing av krypsiv eit stort problem. Her kan tilhøva vere ganske håplause. Der det er stryk og meir fart i vatnet er tilhøva betre. Spolormen – eustrongylides – er og eit problem i Otra. Problemet er varierande men størst i terskelbassenga. På det verste er fisken beint fram ufyseleg. På det beste fri for parasittar og raud og fin i kjøtet som heiefisk.

Aure (Salmo trutta)
Det mest talrike fiskeslaget i Otra. Aure fins i heile fiskelaget sitt område. Vanleg vekt er 100-500 g. Kvart år vert det fanga aure på 1-4 kg. Eit prosjekt som prøver å få den unike byglandsfjordbleka (ein relikt laks) – til å vandre til Hallandsfossen i Valle ser ut til å gjeve resultat.

Ørekyte (Phoxinus phoxinus)
Ørekyte dukka opp i Otravassdraget på 1980-talet. Ein reknar med at det er fiskarar som har nytta kyte som agn og tømt ut det som var til overs. Sidan har ufisken spreidd seg nedover elva. I terskelbassenga kan det vera store mengder. Det er derfo viktig å ikkje bruke ørekyte som agn.
Spreiing til fjellvatn vil vere ei katastrofe.
Ørekyta er ein liten karpefisk som sjeldan blir større enn 10 cm. Han gjeng ofte i stim på grunt vatn, og likar seg godt der det er varmt og ein del vegetasjon. Ørekyta kan bli svært talrik, og er ein alvorleg næringskonkurrent for småaure.